20-åringen Fri Resonans

Ein blome på Trondheim sin mangslungne landeveg av festivalar jubilerer to tiår i helga. Me tok ein prat med Peder Overvik Stuberg, ein av hjernane bak årets festival, som finn stad på Dokkhuset 3. og 4. oktober.

 AV Anders Kruse

02.10.2025

På festivalprogrammet i år har dykk både frijazz og samisk musikk, tidlegare har de hatt ting som Deerhoof – kva er eigentleg “greia” til Fri Resonans?

Jau, det slit me litt med å sette ord på sjølv, til tider. Me diskuterer det mykje når me sit med bookinga til festivalen, men me har ei slags felles forståing av kva som passar inn i profilen vår. Det er gjerne ei form for råskap og eksperimentvilje og musikalsk openheit me ser etter, gjerne i blanda tradisjon. Om me ser på det programmet som er i år da – den trioen med Viktor Wilhelmsen, Hans Hulbækmo og John André Eira, så er det noko eg aldri har høyrt før. Det er ingen av oss som har høyrt det før, men dei er jo musikarar med ordentleg eksperimentvilje, men som samtidig står støtt i tradisjon. Og så har me Kresten Osgood kvintett, som har ei slags uhøvla haldning til musikarskap, der det kjennest ut som at musikken er i prosess, liksom. Det er ikkje noka produkthaldning til musikken der.

 

Produkthaldning, kva meiner du med det?

For eksempel at ein må ha plater og vere plateaktuell for å få spele på festivalar, det kjenst ut som om ein jobbar ut ifrå ein strategi i staden for at musikken berre får leve sitt eige liv, på ein måte. Det er jo mange ting me prøvar å få til med ein festival, men det viktigaste er at musikken berre får bli framført og spelt slik han er, utan at profilen vert for streng. Ein annan hovudting er at me også skal vere ein møtestad for musikarar frå mange ulike stader og miljø. Slik som at det kjem samiske musikarar, og kolombianarar og tyskarar og amerikanarar – og trondheimarar, da, som alle held på med forskjellige typar musikk, men som høyrer heime i same rommet likevel.

 

Kva er suksess for Fri Resonans, tenkjer du?

Det er jo liksom det at du skal kjenne at musikarane trivst, at det er ein relasjon mellom musikarar og publikum. Eller at det berre er folk der som verkeleg høyrer etter, og er inne i det som skjer musikalsk. Ein kan ha suksess på ulike måtar, og dei ulike måtane utelukker ikkje kvarandre. 

 

Kunstnarisk suksess er viktigare enn økonomisk?

Det eine utelukkar ikkje det andre. Engasjementet vårt ligg i det musikalske og kunstneriske, men dei økonomiske endane må møtast. Om du hadde gjort dette her for økonomien sin del, da hadde du måtta gi opp for lengje sidan. Alle me har drive med konsertarrangering i mange år – eg heilt sidan eg flytta hit for ti år sidan, med PØKK og litt forskjellig, og det er mange kveldar eg har drassa rundt på forsterkarar og trommesett i snø til konsertar der det er ti folk i publikum, og det har vore heilt verdt det.

 

Det må ein vel kan hende godta òg, om ein skal drive med musikk?

Ein må nok det, ja. Eg fekk litt perspektiv på det ein gong eg var på Dokkhuset, og snakka med Oscar Grönberg, pianisten. Da hadde Signe Emmeluth og Kresten Osgood spelt duokonsert, og så var det sånn tjue folk der, og eg sa til Oscar at, uff, det er kjedeleg at det er så få folk her. Men da sa han at sjølv om du er i store byar som Berlin eller New York, så er det berre tjue folk på konsertane der òg. Så du må jo heller vere veldig glad for at det faktisk kjem tjue stykk på konsert i Trondheim. Ikkje at ein skal parkere seg der, da, og berre vere nøgd med dei tjue, ein skulle jo gjerne hatt 150, men det er ikkje mislukka om det kjem tretti.

 

I år fyller festivalen 20 år. Kva har hendt i løpet av den tida?

I år har me faktisk gått tilbake og funne alle dei gamle programma. Det har jo ikkje vore tjue  festivalar, for han låg brakk i nokre år, men i år er det i alle fall tjue år sidan den fyrste festivalen. Det var Martin Taxt, Kim Myhr og Håvard Volden som starta festivalen i 2005, og dreiv han i åtte år før han låg brakk ei stund. Etter det starta Tollef Østvang, Mette Rasmussen og Kyrre Laastad opp festivalen att. Eg var frivillig i 2018, og så vart eg meir involvert etter kvart, så det er vel sjuande festivalen min i år. Og om du ser på programmet frå 2005 kontra 2025, så er det mykje som er forskjellig. Då hadde dei mykje meir lokale musikarar, og så har dei poesi på programmet, og samtidsmusikk. Og så hadde dei det over tre kveldar, no har me to kveldar på Dokkhuset. I 2018, då eg var frivillig, så hadde me heile festivalen på Kunsthall Trondheim, og det er ein heilt annan logistikk med backline og rigging. Me er jo tre som driv Fri Resonans, og eg er den einaste som bur i Trondheim no, og alle saman er aktive musikarar i tillegg, og lærarar. Tollef [Østvang] og Joakim [Rainer Petersen], dei to andre, turnerer jo og reiser ganske mykje. Så sånn sett er me nøydde til å gjere ting litt enklare.

Me har jo også knytt oss opp mot forskjellige miljø, særleg i Berlin og litt andre stadar i Tyskland, og me har hatt musikarar frå USA, spesielt frå Chicago. Det er jo byar som har vorte i sentrum for jazz, frijazz, alternativ musikk, og det har me gjort fordi Joakim har budd i Berlin og Tollef har reist mykje i USA, så det har vorte ganske sterke koplingar mellom dei byane. Og det vert jo etter kvart eit slags venskap som ein prøvar å halde ved like. Tollef har reist mykje, blant anna i Colombia, der han har vorte kjend med musikarar tilknytta bandet Meridian Brothers. Difor kjem det eit band som heiter Chupame El Dedo frå Bogotá til festivalen i år. Så me prøvar å ha eit sosialt aspekt ved festivalen også, og lage nettverk – det er viktig.

 

Korleis er stemninga før årets festival, da? Er du spent?

Ja, det er jo alltid spennande. Det er alltid litt uvisst om folk kjem eller ikkje, og det er ikkje alltid så lett å forstå seg på denne marknaden. Men me jobbar med å spre ordet og kome i kontakt med folk, digitalt og live.

 

Kva er minimumstalet med førehandsselte billettar som skal til før du får ro i sjela, da?

Det veit eg ikkje. Me sel som regel nokre billettar på førehand. Eg trur me har selt litt no, litt festivalpass og sånn, utan at eg har tal på det akkurat her og no. Men det aller meste av billettsalet skjer i døra. Det hadde jo vore heilt konge om me hadde selt sånn femti festivalpass, men det er jo berre ein draum. Eg trur ikkje det er heilt urealistisk, men det er ei nøtt me ikkje har knekt enda med å nå ut til ulike miljø og sånn. Vanskeleg, men me jobbar med saken

 

Er det nokre av bookingane du er spesielt spent på i år?

Det er jo nokre av musikarane eg ikkje har høyrt noko særleg frå før, slik som Ute Wassermann, som spelar trio med Lotte Anker og Andrea Parkins, som me har booka i samarbeid med NyMusikk Trondheim, så det blir spennande Og så er det jo trioen med John André Eira, Viktor og Hans. John André har jo ei soloplate som er heilt sånn trad joik, med berre vokaljoik, som eg syns er dritbra. Viktor er ein lokal gitarlegende. Og så er det jo alltid artig med tyske band som Neon Dilemma – skikkeleg hyperteknisk, rytmisk, eksperimentell stil. Så det gler eg meg særleg til, sjølv om eg trur alt saman vert bra.

 

Om du fekk fullstendig fritt budsjett og kunne booke kven du ville, kven ville ha stått på programmet da?

Det har vore ein slags draum å booke Rob Mazurek, amerikansk kornettist, og det har me diskutert mange gongar, men så har det aldri vorte noko av. Og så ein amerikansk elektronikaduo som heiter Matmos, det hadde vore heilt perfekt. Horse Lords, eit sånn minimalistisk rockeband, hadde vore fett. Tirzah, som er ein britisk RnB/hiphop-musikar. Det hadde vore fett.

 Og med det ynskjer me Fri Resonans god festival, og skål for dei neste tjue åra!

Next
Next

POST POSTMEN