top of page

Rambow lagar liv, huuuuuuuh!

AV Magnus Vattekar Sandvoll // FOTO: Magnus Vattekar Sandvoll

12.02.2023

Ein ekte jævla rapkonsert

Rambow har vore ein av våre mest produktive rapparar sidan han starta opp i 2020. Det året var han årets urørt med den fantastiske “Take”-serien sin, der vi fekk ti spor av one takes produsert av Skandinavia sin heitaste produsent, ORIO. 

Konserten til Rambow på Lokal Klubb var for min del det absolutt beste på Trondheim Calling 2023. Vi fekk høyre alle låtane som skal vere på hans neste skive, produsert av tungvektarar som JNS og legendariske Tommy Tee. For både meg og Rambow var 50 Cent og G-Unit det aller fetaste da vi var små, og det er inspirasjonen til skiva. Beatsa vi fekk høyre for aller første gong dunka hardare enn alle technoset eg har sett på Lokal, og det er kanskje den norske produksjonen eg har likt best nokon sinne. DJ og produsent Benocchio hjalp til med skitbra nærvær på scena i form av adlibs, C-walk og velmiksa transitions frå banger til banger. 

Rambow har ein heilt unik energi, og skrik alltid PSYKOSE før han gjer noko shit. Det fekk vi ikkje sjå så mykje av, han tok seg rett og slett ikkje tid til det i mellomspela. Eg syns det er optimalt med ein del prat dersom det blir gjort rett, men det trengtest heller ikkje. Det var nok å få høyre Furusetguten rappe seg ihel over beatsa til Noregs beste produsentar.

Rambow har ein måte å rappe på som er tydeleg og hard nok til at du får med deg kvar einaste linje der og da, og med så enorm skriving som han har er dette ei heilt rå oppskrift på å lage ein bra rapkonsert. Eg og alle rundt meg såg ut som nokon hadde droppa den eklaste bæsjen nokon sinne medan vi gav oss sjølv meir og meir nakkesleng for kvar låt som kom. Dette var ein fryd.

 

Tusen takk til Rambow og Benocchio for å levere ein ekte jævla rapkonsert. 

bottom of page