Så kul musikk krev ein like kul artist.
AV Magnus Vattekar Sandvoll // FOTO: Magnus Vattekar Sandvoll
12.02.2023
Den vakraste stemma på Trondheim Calling
Nelly Moar er Full Effekt sin nye RnB-artist, og er veltrent i musikkproduksjon frå jazzlinja i Bergen, der ho gjekk saman med fleire av bandmedlemane sine. Låtane hennar er produserte saman med Sjur Folgerø, og det merkast at dei har eit genuint venskap og samarbeid frå soveromstudio til scene. Nelly Moar må ha den vakraste stemma i Noreg akkurat no, og det var ein fryd å sjå ho nå dei lysaste tonane ho har, med glans, for eit fullstappa Lokal.
Eg hadde aldri trudd eg skulle dytte meg framover på ein såpass roleg RnB-konsert for å sjå bandet betre… Nelly thought otherwise! Alt det musikalske er på plass som berre det, både for Nelly sine vokalprestasjonar og eit band som spelar godt saman. Utrop til trommisen for å slakte drillbeaten på “In My Head”, det var grovt.
Likevel er det noko som manglar i framføringa til Nelly Moar. Musikken er jævla kul, og ho verkar kul, men klarer ikkje heilt mellomspelet som ho tek seg god tid til. Eg gjekk frå fullstendig fanga av musikken til uinteressert mellom kvar låt. Dei nesten kleine kommentarane øydela litt av stemninga i konserten fordi det er så langt i frå musikken hennar. Hadde Astrid S eller Sigrid gjort det same hadde det ikkje vore noko sjokk, for musikken er jo like wack, liksom.
Eg sat igjen med mykje kul musikk, men eit artistimage som ikkje heilt blir følgt opp av Nelly som person. No skal det seiast at ho slapp sine første låtar i fjor, og er enda ny når det kjem til å framføre sin eigen musikk, utanom revyar og jazzlinjeoppsetjingar. Eg har trua!