Eg må hugse å ringe systera mi.
AV Maiken Gjøsdal // FOTO: Maiken Gjøsdal
13.02.2023
Av og for Jente (19)
Eg kjem til lokalet, og umiddelbart gleder det meg å sjå at tilskodarane hovudsakeleg består av menneske med lavmidja cargobukser og sommarfuglklyper i håret. Vi er nemleg her for å sjå Moreller, og etter dei fire låtane på Spotify å bedømme ser det ut til at rett demografi har funne fram til GramArts-scena denne laurdagskvelden – eg trur ikkje at dette er ein konsert for Mann (50) med Morgenbladet-abonnement og armane i kors. Ein gjeng samlar seg fremst ved scena og byrjar forsiktig å rope på henne. «Dere er så attraktive,» skrik ei jente. «Det klikker for meg».
«Hei, jeg er Moreller. Og jeg har tatt med meg… mine moreller,» seier ho, og viser til bandkameratane sine, før dei sparkar i gong opningslåta «Book of Lovers». Det er fengjande og publikum stemmer gjerne i. På den vesle halvtimen ho har til rådigheit rekk ho gjennom alle dei utgjevne låtane sine pluss eit par til – deilig, lettbeint indiepop med innflytelsar frå mellom anna surferock og bossa nova. I den nye låta, som eg trur vart introdusert som “Short Striped Shorts”, tematiserer ho det dei fleste jenter, eller kvinner som ein gong har vore jenter, har følt på: å vere sjalu på gutta. “I’m jealous of the way he moves/the way he talks to girls/how he gets through life with ease”.
Høgdepunktet for min del var «Wifed up», ein singel som vart sluppen ikkje meir enn eit døgn før konserten. Etter eit nedstrippa fyrste vers og refreng kjem resten av instrumenteringa på forløysande vis inn i mellomspelet, og ein varme spreier seg i brystet mitt som berre konnotasjonar til eit litt cheesy 2000-tals romcom-soundtrack kan bringe fram. Låta gjer seg utvilsomt godt live, og både Moreller og morellane er stødige på scena. Under tekstlinja «It’s been a while since I looked you in the eyes» spottar ho eitkvart i publikum, og greier ikkje å halde seg frå å bryte ut i latter. Det kan nesten verke som om den ho syng om er i salen, og eg får inntrykk av å ta del i noko litt internt.
Det er tydeleg at Moreller lagar musikk post-korona, der kvalitetar som enkelheit og autentisitet er oppvurderte i popmusikken – soveroms- og DIY-estetikken har definitivt fått ein oppsving etter den lange perioden med heimesitting. Det er også smerteleg openbart at eg hamnar akkurat litt utanfor målgruppa hennar; kanskje er eg eit par år for gamal, men sannsynlegvis ikkje så mykje meir enn det. Likevel lykkast ho godt i å fange eit uttrykk som er veldig spesifikt for sin generasjon, og eg ser lett føre meg at dette kan slå an.
Eg tenkjer på kor turbulent det var å gå på VGS, eg tenkjer på systera mi som går på VGS, og eg tenkjer på kor kort tid som eigentleg må passere før ein generasjon si tidsand er nesten fullstendig erstatta av ei anna. Det er rart å kjenne seg så kraftig ekskludert frå noko som burde vere ganske nært.
Dette er musikk av og for Jente (19), og Moreller utviser ei leiken sårbarheit som minner meg på korleis det er å vere ung og lovande, på godt og vondt.