top of page

Svart belte i konsertvandring med PØKK Community

Kva skjer med hovudet til ein mann når han vert eksponert for fire timar med friimprovisert musikk?

Trondheim er ein kulturby som for evig kjem til å overraske meg. Mengda konsertar til alle tider på døgnet, alle dagar i veka, er for stor til at nokon kan forventast å halde oversikta over alt. Difor lytta eg med stor interesse når styret i PØKK la ut om kva PØKK Community er for noko, på den fyste samlinga på Trykkeriet Scene 27. februar. Kvelden byrja med to konsertar der, i regi av Konsertgalleriet, og gjekk vidare til Fri Form på Dokkhuset, med ytterlegare to konsertar. Det vart ein heilaftan fylt med underlege, vakre og hardtslåande musikalske impulsar ein skal leite lenge etter å finne nokon annan stad.

 

Fyst ut var improvisasjonstrioen Ükya, beståande av Kristian Enkerud Lien på gitar, Emil Bø på trombone og Michael Lee Sørenmo på trommer. Musikken deira ligg eit stykkje utanfor det ein gjerne tenkjer på som tradisjonell frijazz, og det er tydeleg at dei har eit ynskje om å gjere noko annleis. Dei er aldri heilt handgripelege, konstant vekslande mellom nevrotiske regndråper og lange, opne akkordar. Så veks ein vegg av lyd fram frå trombona til Bø, og heile bandet gjev seg ut i eit parti som er like mykje rein trøkk, ei fysisk oppleving av lyd, som musikk. Best er likevel Ükya på sitt mest atmosfæriske, når Lien mediterer over ein enkelt akkord og manipulerer han fram og tilbake, modifiserer og vrir rundt på han.

 

Ei av utfordringane med friimprovisert musikk, reflekterer eg medan Sørenmo dreg i gong ein trommesolo, er korleis ein eigentleg skal høyre på han. Musikken er til tider langt meir givande å spele enn kva han er å høyre på, og ein kan spekulere i om grunnen til at publikum er så innmari med på konsert er at alle saman er jazzmusikarar. Men nøkkelen er å gje opp på tanken om at alt skal ha ei heilskapleg meining. Ein må på ein måte gi slepp på tidsforløpet og fokusere reint på det som skjer i nuet. Det er noko merkverdig zen over det, tenkjer eg, når Lien dreg ein celloboge over gitaren og manar fram lyden av verdas galnaste folkemusikar.

AV ANDERS KRUSE // FOTO: ANDERS KRUSE

03.03.2023

Så gjekk ferda, litt forsinka, bort til Dokkhuset, for konsert tre og fire. Staminaen min byrjar å svekkast litt etter to timar, men eg held fram inspirert av konserten eg er på veg mot. Konsertserien Fri Form set ofte saman musikarar som ikkje har langvarige samarbeid frå før, no med bassist og songar Jordan Sand og hardingfelespelar og songar Helga Myhr. Eg har hatt eit auge med Sand heilt sida ho kom til Noreg i 2020, og ho har markert seg langt inn i hjartet mitt som ein utruleg kreativ og sensitiv musikar. Eg vert så glad kvar gong eg ser ho skal spele. Det same gjeld Myhr, som står i bresjen av den nyskapande folkemusikken i Noreg.

Kombinasjonen av kontrabass og fele gjev ein merkeleg fysikalitet i musikken. Sand tvinnar seg kring det store instrumentet og henda hennar flyg over heile bassen, medan Myhr står støtt med fela på haka. Dialogaspektet av friimpro kjem også mykje sterkare fram her enn på nokon annan konsert denne kvelden. Hardingfela tenkjer ein gjerne på som sjølve lyden av den norske fjellheimen, men når Sand vever den krystallklåre klangen inn i eit teppe av lydar mana fram frå alle delar av bassen, opnast augo mine på ny for instrumentet. Det vert som om eg lyttar til ein lang samtale mellom gode vener. Og musikken er heilt nydeleg.

 

Okei. Ta eit djupt andedrag. No er det omtrent tre og ein halv time sidan fyste konsert, og sistemann er Archer, langt på veg det mest tradisjonelle frijazzensemblet på programmet denne kvelden, men med ein kraftig smak av nederlandsk punk frå legenda Terrie Ex på gitar. Og med ein gong Archer byrjar å spele vert det openbart kva Ex er der for. Energinivået hans er heilt i hundre, han sprett rundt på scena med gitaren i knehøgde med ein entusiasme eg omtrent aldri har sett på Dokkhuset.

 

Honest John, neste band, opererer også i eit sjikt mellom det handfaste og det frie. Dette bandet, som har spelt saman i litt over eit tiår under leiinga av saksofonist og klarinettist Klaus Ellerhusen Holm, har hatt omtrent same besetning på sine no fire plateutgjevnader. Unntaket er utskiftinga av felespelar Ole Henrik Moe og tillegget av trekkspelar Kalle Moberg. Sistnemnde vitsa før konserten med at det kunne bli litt vel mykje trekkspel i monitor her – som om det er mogleg. Resten av bandet består av Ola Høyer på bass, Erik Nylander på trommer og Kim Johannesen på gitar og banjo.

 

Musikken glir som sagt konstant mellom det konkrete og det frie. Eit varleg brus frå trommer, bass og banjo legg eit nydeleg bakteppe medan trekkspel og klarinett spelar *nesten* same melodi, som om to folkemusikarar frå forskjellege sider av fjellet møtast og spelar ulike versjonar av same låt. Det er notar framom musikarane, og stundom stikk ein puls og kan hende noko harmonisk hovudet opp av notestrøymen, men ikkje før har øyrene fått feste, så dreg Moberg lydar ut frå trekkspelet som høyrest ut som ei humle har sett seg fast i ein printer. Det er heilt umogleg å skilje kva som er improvisert og kva som er komponert, spesielt når ein nydeleg saxsolo glir saumlaust inn i ein tydeleg komponert melodi, før heile bandet eksploderer ut i ein sambarytme leda an av Nylander og ei gamal trommemaskin. Dette er musikk som groovar heilt ned i magen og renn fullstendig over av kreativitet. Her skulle verda ha vore, tenkjer eg, og synes synd på alle dei som ikkje reknar seg som «spesielt interesserte».

Eg får meir eller mindre augeblinkeleg godfot berre basert på rein musikalsk intensitet, som var det siste eg hadde venta etter ein heil kveld med beinhard friimprovisert musikk. Men det er noko i blandinga av den sprute galne gitaristen, den massive, fantastiske tonen til saksofonist Dave Rempis, og lukta av raudvin i rommet som gjev meg enorme mengder energi. Kvart enkelt instrument forsvinn på eit vis inn i musikken, slik at det berre er summen av all lyden og alle tonane som treff meg. Det er magiske augeblink på laupande band, som når trommer, bass og saks brått glir over i eit rytmisk, tonalt landskap, og Ex står på sidelinja og drar til gitaren med eit trommeskinn og ei trommestikke. Det er så jævleg pønk å stå på ein scene saman med masse jazzmusikarar og overgå dei fullstendig ved å stå i eit godt minutt og drage gitaren etter golvet.

 

På eitt eller anna vis er Archer den store vinnaren denne kvelden, men dette har vore ei stor oppleving. Det er omtrent som om eg har vore på festival. Kroppen min dirrar av formlaus energi når eg går over Blomsterbrua på veg heim. Ein spirituell rus rasar gjennom årene mine på veg gjennom mørke gatar. Herregud, for ein kveld.

bottom of page