top of page

PØKK lanserar PØKK Community

AV Anders Kruse

02.03.2023

Konsertserien PØKK har etablert seg som ein fristad for sjangerfri improvisert musikk. No vil dei skape eit samfunn kring musikken.

 

-Trondheim er jo ein levande konsertby. Me kjem jo frå jazzlinjemiljøet, kor mange gjerne er spesielt interesserte i musikk, men me opplever å møte folk på konsert som ikkje nødvendigvis driv med musikk sjølve, så det er jo for å byggje opp den sosiale biten kring å drive med musikk, seier nestleiar i PØKK, Guro Kvåle.

 

Målet er at PØKK Community skal bidra til den sosiale dimensjonen av både musikken og at det skal bli ei sosial hending. Ein stor del av målet er å knyte band mellom studentane og det profesjonelle utøvarmiljøet, og vere ei plattform kor forskjellege kunstmiljø kan møtast. Dei ynskjer å gjere det meir lågterskel å fare på konsert, og invitere utanforståande til det etablerte jazzmiljøet i Trondheim.

 

-Me har lyst til at det skal vere ope for alle, at det skal vere ein undergrunnskonsertserie som ikkje skal trenge å vere så nørd, seier styreleiar Emil Bø.

 

Bø og Kvåle seier dei vil vere med og legge til rette for noko anna enn berre ein tradisjonell konsert. PØKK Community skal skape ein annan setting enn den tradisjonelle artist på scenapublikum i salen-konserten folk flest er vande med. Til no har dei til dømes planlagt nattjam, kor det skal holdast jam frå seint på kvelden til tidleg på morgonen, og dei vil halde foredrag og konsertvandringar for å knyte saman forskjellige arrangement som kan ha liknande appell.

 

Målet er eitt til to arrangement i månaden, opplysast det på Facebook.

 

Per no kan ein melde seg inn i gruppa PØKK Community på Facebook for å bli med i fellesskapet og få med seg nye hendingar.

bottom of page