top of page

Mørkt, psykedelisk, funky – Sesongstart på PØKK

To heilt forskjellige band imponerer stort på sesongopninga til ein av verdas beste konsertseriar.

PØKK beskriv seg sjølv nøkternt som ein «konsertserie for improvisert musikk i Trondheim». Dette røper lite om den elektriske stemninga under sesongopninga på Dokkhuset 16. januar. Me vart servert ein fantastisk heilaftan, fyst frå trioen Jonas Krøvel/Hans Hulbækmo/Peder Overvik Stuberg og deretter frå det utanomjordiske, retrofuturistiske bandet Billy Meier.

Supporttrioen (som fekk namneforslaget Dee Dee Metal Machine frå trommisen i Billy Meier) tek frijazzen si tilnærming til samspel, spontanitet og fridom inn i ein støyrocksk, halvindustriell, heilstøyande estetikk. Alle tre har bakgrunn frå jazzlinja i Trondheim, og er veletablerte namn i norsk eksperimentell musikk – Krøvel er kan hende best kjend som bassisten i Pom Poko. Musikken deira høyrest ut som ein Bizarro world-versjon av Rush ispedd Black Sabbath, Frank Zappa og ein god slump Motorpsycho.

AV ANDERS KRUSE // FOTO: MAIKEN GJØSDAL

20.01.2023

Brorparten av settet deira vart teke opp av ein tre kvarter lang improvisasjon, og klimakset av denne

improvisasjonen har brend seg bom fast i hovudet mitt. I det energinivået byrjar å nå toppen slepp Krøvel laus ein flod av intens støy. Han slår over meg, reine ordlause kjensler transmutert til lyd. Det går aldri heilt over grensa til det reint utålelege, dei rir bølga heilt ut.

Diverre går det litt åt skogen etter klimakset. Lufta går ut av ballongen når trioen glir over i ein ganske tam Pink Floyd-liknande jam. Han kjenst ganske retningslaus og pludrande. Eg tek meg i å tenkje at no lyt dei eigentleg gje seg. Det vert litt mykje etter tre kvarter.

Den andre «låta» – om det går an å seie om så laust samansett musikk – er mykje meir konsis. Tre minutt, seier Stuberg, og dei slenger i hop nokre intense, fokuserte minutt for å runde av settet. Det er hardt, intenst, det er dritbra.

Dette er ordentlig hardcore psykedelia. Det er ikkje musikk som tek deg viljug etter handa, han tek deg etter hovudskallen og dreg deg gjennom ei søle av piggtråd. Hulbækmo trekk kjetting over cymbalane, Stuberg er spastisk, energisk og ubeherska på gitaren og Krøvel er vekselvis manisk og heilt innovervend.

Billy Meier er eit oslobasert retrofuturistisk funkband med musikalsk romferd på agendaen. Denne kvelden var avslutninga av releaseturnéen for plata I Want To Believe, som dei slapp i november i 2022 – den tredje sidan platedebuten i 2017. Dette var ein ny veg for bandet, fylt av synthar og elektrisk funk ispedd ambient og litt folkemusikk. Omgrepet retrofuturisme har dei kome på sjølv, og det er ikkje vanskeleg å sjå nostalgien for teknologioptimismen og estetikken frå 70-talet i både synthane, funken og dei pastellblå kostyma.

Og for ein musikk! Intenst gode vibes vert fletta saman med vidstrakte vidder av synthar og brutalt vakre felesoloar i denne ekstraplanetære folkefunkjazzen. Bevisstheita mi forsvinn ut av kroppen, av jorda og ut til planeten Erra – ei reise den førre plata til Billy Meier fortalde om. Kvar gong eit enormt drønn frå dei største rototomsa ljomar ut frå anlegget midt i ei sky av ambientsynth tennast ein eksplosjon av glitter i hjernen min.

Kva meir er det igjen å seie? Eg har absolutt ingenting å utsetje på denne konserten. Scenebiletet er ganske statisk, men det er jo berre ein naturleg konsekvens av at alle i bandet spelar synth i tillegg til å vere bassist eller gitarist eller felespelar eller songar, og så er scena på Dokkhuset ganske knøttliten. Dette er eit ekte sjangeroverskridande band. Alle musikarane sine personar skin gjennom i både komposisjonane og spelet. Ikkje berre er ingen musikalske element overflødige, dei er så kløktig sett saman at det ikkje kunne ha vore noko anna der.

Det er ikkje meir å seie. Billy Meier er så gjennomført dritbra. Eg er fullstendig overtydd, dei er eitt av mine nye favorittband.

bottom of page