top of page

Anbefalinger av musikk nå som det er mørkt, kaldt, og koselig. Vampyrens tid. Heksas tid. Kakaoens tid. Mmmm. Her er HOOK sin favorittmusikk som passer godt med votter og skjerf.

Maiken anbefaler: 

 

16 Psyche - Chelsea Wolfe

Svartmåla veggar og fløyelsgardiner set stemninga for kveldens eskapadar. Eit talglys flakkar svakt mot sida av andletet hans, som sitrar av spenning – det eldfulle blikket ditt kunne nok av kven som helst ha blitt feiltolka som begjær. Men når tenner møter hud blir misforståinga fort oppklara. Med raske, drakoniske rørsler flerrar du opp halsen på din ein gang trufaste elskar, og etterlet deg eit gapande, fillete sår, som pumpar raude elvar ut over heile soveromsgolvet. Ikledd den metalliske parfymen forsvinn du gjennom takvindauget og inn i natta, og refrenget til «16 Psyche» av Chelsea Wolfe overdøyver heldigvis dei patetiske forsøka hans på å skrike etter hjelp. 

Sparks - Coldplay

Mange lid av den oppfatninga at Coldplay er “dårleg”. Dette er ikkje sant. Du er ikkje for god for Coldplay, like lite som du er for god for ketsjup på maten din eller ein takeaway-americano frå Espresso House. Og “Sparks” er rett og slett ein fantastisk låt å ha på øyret medan du vandrar gatelangs i den låge ettermiddagssola. 

 

The Herald - Comus  

Å lytte til denne er ei REISE. Det høyrest ut som om det er skogen som syng, akkompagnert av tussar og troll og ymse andre kreatur. Ei ugle speler fløyte og ei snømus theremin. Sjekk gjerne ut heile albumet First Utterance dersom eit eventyrleg stykke 70-tals psych-folk manglar i livet ditt.

 

Mitt nya liv - Solen

Er du dritlei av deg sjølv? Står du på sidelinja og ser deg sjølv ta det eine dårlege valet etter det andre, og sakte overgir deg til eit altfor velkjent, sjølvdestruktivt mønster? Du veit at du er for sjølvmedlidande, og har planar om å skjerpe deg, men du er nok ikkje mogen for det heilt enno. Kanskje til nyttår… Fyrst kan du grine litt til “Mitt nya liv”.

 

Honorable mentions:

Caravan - Ruu Campbell

(Passar godt dersom du allereie har runda katalogen til Nick Drake, og er tørst etter noko som kan likne. Sjekk også ut “Soul & Solace” frå same album.) 

 

Trist At Det Skulle Ende Slik - Raga Rockers

(Real..)

 

New Partner - Palace Music

Guilt is My Boyfriend -  Giles Corey 

Jesus and Your Living Room Floor - Sloppy Jane 


 

Anders anbefaler: 

 

Wichita Lineman - Glen Campbell

Når hausten kjem endrast parameterane for kva eg vil ha frå musikken eg høyrer på. No er det ut med alt av rytme, puls, dansbarheit – gløym det! Eg vil ha pedalsteel, fine akkordar og Glen Campbell. Dette er ein klassikar av ein grunn. Dagane blir korte, mørket snik seg inn, og dette er for evig låta i hjartet mitt om hausten.

 

Rock Salt & Nails - J.D. Crowe & The New South

Men kva gjer ei bluegrasslåt på denne lista? Er ikkje det jovialiteten si høgborg, på linje med danseband og DDE? Jau, du kan så seie, konstruerte stråmannlesar. Men J.D. & The New South sin versjon av “Rock Salt & Nails” er akkurat det eg vil ha om hausten. Musikken er vakker, teksten er full av sutring over spilt kjærleik, og eg vil berre pakke meg inn i ei flanellskjorte medan dei fyrste snøflaka fell over byen.

 

Evening Machines - Gregory Alan Isakov

Kan hende er det noko med lengda på dagane som dreg meg mot melankolien. Eg blir ikkje akkurat påtrengjande lukkeleg av lauva som fell og frosten som festar seg i grasstråa, og det er noko i akkurat denne plata som gjev gjenklang i tonane av purpur og burgunder som sjela mi fargeleggast i, når me no trår inn i vinterhalvåret.

 

Weatherman - Hank Williams jr.

Det er mogleg eg berre er på ei country-greie om dagen, men det er noko hjarteskjærande med lengtinga etter glede i denne låta, stormane og ulykka – eg berre elskar når regnet ligg evigvarande over landet.

 

The Willow Song - Susanna

Eit gamalt, visnande piletre står einsam på ei eng. Ein gong omkransa av andre tre, men no kun omkransa av døyande grasstrå. Under treet sit ei ung kvinne ein bitande kald haustkveld, eit bilete mala i raudt lauv, brunt gras og ein kvit himmel. Kan hende ho ber stille, kan hende syng ho ein draum om gryande vår for seg sjølv og dette gamle treet, for at bekken ein gong skal tine og livet kome att til verda.

 

Heimlaus – Kim Rysstad

Det er lett ein tenkjer at folkemusikken er noko som er knytt til spesifikke stader – namn som “Gangar frå Telemark” eller “Mazurka frå Romsdalen” florerer. Men dette er ei låt som handlar om å vandre rotlaust frå stad til annan, å søkje arbeid på aude gardar, i mangelen på ei større meining. Kim Rysstad fortêl ei historie utan forløysing eller svar, men på eit vis som seier “dette hende ein gong, ein gong fanst eg”.

 

Monadene danser slow – Stein Urheim, Jørgen Træen

Om hausten vil eg at musikken kring meg skal flyte rundt. Eg vil ikkje ha konkrete svar, men lengting og enorme rom. Musikken skal stoppe opp og gje tid til å tenkje. Hausten er slik ein overgang, naturen skal stilne frå somaren sin overflod av liv og lyd til vinteren sine krystallstrukturar av stillheit og snø. Og slik flyt mikrobane til Stein Urheim og Jørgen Træen. Det er som eit enormt skip sig forbi meg, ein lang overgang frå eitt bilete til eit anna, før stillheita til slutt vinn fram.

 

Marimba Concerto: I. Flowing – Kevin Puts

Fyrste gong eg høyrde denne musikken grein eg på lesesal. Det er på grensa til cheesy og sentimentalt, men det er da for faen lov å ville høyre på noko som berre er fint ein gong i blant. 

 

The Consolation of Rain – David Bruce

I mitt liv er ikkje alltid hausten berre stilt mørke og fallande lauv. Han er også vind, kulde, og meir enn noko anna, regn. Regn og vind og storm frå alle kantar over eit uroleg hav. The Consolation of Rain minner meg om dette, ikkje på ein valdeleg måte, men med resignasjon, ein kjensle av at dette er noko uunngåeleg. Det er sørgmodig musikk, men ikkje på det viset ei gravferd er. Kan hende er det slik det kjennest når sola går ned for siste gong for mørketida oppe i nord. Mørket høyrer til årsrytmen like mykje som lyset og livet gjer, vinden like mykje som stilla, regnet like mykje som sola.

Hannah anbefaler: 

Weld - Crown Imperial Song

En kveld, ca. 2015, satt jeg i sofaen med mamma og pappa. Nytt på Nytt var akkurat ferdig og ingenting skjedde. Pappa går mot CD- og vinylsamlingen sin for å finne kveldens lydspor. Jeg spurte om han ikke kunne finne noe norsk, bra, og pent, da jeg ikke hadde hørt så mye norsk, bra og pent. Med venner gikk det mest i Morgan Sulele og Kygo. Da fant han frem en gul og grønn CD med en rød sjøhest på. “Natural Tools” av Weld. Fra rockebyen Moss. (Jeg begynner forresten snart å tenke at Moss er Norges (verdens?!) eneste, beste rockeby…) Vibeke Saugestad og deres “Crown Imperial Scott” satte seg som en favorittlåt. Og den holder seg like godt i dag. 

 

Stein Torleif Bjella - Undergang 

Tungt og vondt, det er lyden av undergangen. Åpningssporet på plata Heim for å Døy er det du skal sette på når du bare vil drukne litt. I whiskey, i tanker, i alt. Så kan du sette på Vonde Visu for å komme deg igjen. Lykke til. 

 

You Could Be A Cop - Does Everybody Dream 

Scene 1: En drøm på på togtur forbi Dovre

Snøen har akkurat lagt seg. Alle er på vei hjem til jul. 

 

Person 1 setter på “Does Everybody Dream” av YCBAC, blått headset på, lukker øynene.

 

*Drømmer* Jeg har lyst til å stoppe toget. Tenk om. Tenk om jeg hadde bedt konduktøren stoppe toget. Hoppe av. Løpe fort til den høyeste toppen jeg ser. Ekstremt høyt, utrolig nært. Alt jeg hører er barnet som spør om alle drømmer. Imens jeg løper opp til toppen, er låta kommet ca. 05.58 minutter inn. Jeg er snart på toppen. Jeg skriker, hyler ut alt vondt. Jeg er varm og lun, og pulsen min passer til trommene. Jeg dirrer av støyet. Jeg kan se utover hele verden. Jeg kan danse, hoppe, jeg kan rope, jeg kan overvinne alt. 08.00. 

 

Person 1 åpner øynene.

*Våken* Puster tungt ut. Smiler. 

 

Person 1 lukker øynene igjen, og drømmer seg videre inn i You Could Be a Cop sitt melodiske univers når låta treffer 11.09.


 

Yoyoyo Acapulco - The Sudden Death of a 7" Pet 

Har du hørt om Auggedalen? Hørt om YouTube-kanalen “KomTilGausdal”? Hørt om Ukas Urørt (U37) den ene uka i 2006? Ugg ugg, 3441 Gasudal, Gudbrandsdalen. Yoyoyo Acapulco er det kuleste som noensinne har kommet ut fra denne rare dalen til Gaus. EP-en og tittelåta The Sudden Death of a 7" Pet er lyden av å sove over ti alarmer på en eksamensdag. Det er lyden av en idiot på tur. Det er denne du skal sette på når huset står i flammer, bikkja vil ut, mor ringer, du må på jobb, men du skal bare lage deg en kopp kaffe først. 

 

Andre ting jeg liker å sette på i denne tid: 

Low - Words (Eller…vil egentlig anbefale å sette på hele diskografien til Low, sammen med et telys, et gatelys, et stearinlys, ja, til og med flomlys.)

 

Joni Mitchell - River (Haha! SYND for deg som ikke har byttet til Tidal, eller noe annet som er bedre enn råtne Spotify, enda. Hva driver du med egentlig?!)

 

The Magnetic Fields - The Book of Love (Hvis du har tid, spill gjerne alle 69 Love Songs. Passer godt om du er forelska i noen eller når sola er lav, og skinner inn imellom husene.)

 

Claudia Scott - The Belle of Singapore (Hvis du ennå ikke har hørt bergenseren sin 1999 Emanuel´s Secret, så burde du legge fra deg alle fordommer du har mot country og sette av en kveld til å gråte og rocke til Norges Emmylou Harris.)

 

Youth Pictures of Florence Henderson - We May Be Remembered by What We Did When We Sat Down

Galaxie 500 - Tugboat

Frøkedal - Treasure

Bedhead - Living Well

Van Morrison - Astral Weeks

…og ALT av Yo La Tengo.


 

Andreas anbefaler: 

 

Circling the drain - Tummyache

Fantastisk emorock à la Boygenius, Porridge radio, Wednesday. Helt på tampen  blir det skikkelig Radiohead-core.

 

Ivory - Alex Izenberg

Ordentlig leftfield, og littegranne langtråkig musikk. Passer helt ekstremt godt å deppe til. Låta er faktisk skrevet sammen med … Paul McCartney???

 

Age of Pinballs - Cancer 

Vakker og sårbar ballade med skikkelig digg tilstedeværelse av bass.

 

Hør alle låtene i vår Spotify-spilleliste her!

...og her for vår Tidal-spilleliste!

bottom of page