top of page

HOOK på Jazzfest 2024: Festivalsjefen om godteposar, Trondheim og meir

AV Anders Kruse
19.04.2024

Om ein liten månad går Jazzfest 2024 av stabelen. Me tok ein prat med festivalsjef Ernst-Wiggo Sandbakk om korleis det er å lage jazzfestival, og gjev deg skreddarsydde konserttips.

 

I kjellaren på Olavshallen har Jazzfest tilhaldsstad, i dei gamle lokala til Trondheim Venstre, og før dei igjen, ein musikkbutikk der Ernst-Wiggo Sandbakk ein gong jobba. I dag har trommeslagaren frå Ballangen ei lang historie bak seg som frilansmusikar, undervisar ved Jazzlinja i Trondheim, lærebokforfattar – og no altså festivalsjef.

 

Det som i dag er Trondheim Jazzfestival byrja i 1980 med festivalen JazzMazz, som varte til 1987, og Sandbakk kunne fortelje at det var Bjørn Krokfoss, trommis og generell jazzlegende, som drog i gong byen sin jazzfestival på nytt. Ein dag i 1994 ringde Krokfoss til sine trommeslagarkollegaer Sandbakk og Trond Kopperud, og inviterte dei til å spele på Studio Hjorten – og sidan då har byen hatt ein årleg jazzfestival. I 1998 skifta festivalen namn til Trondheim Jazzfestival.

 

Ein festival lever på styrken til konsertprogrammet sitt, og Sandbakk sjølv er lite oppteken av at folk skal fare på konsertane han programmerar fordi dei skal oppleve «kulturfenomenet Jazzfest». Det er artistane og heilskapen i programmet som er viktigast, ikkje festivalen.

 

– Men det er jo hyggeleg, og sikkert godt meint, at alle våre samarbeidande scener skriv JAZZFEST før artistnamnet, når de annonserer i eigne media, legg han til.

 

Sandbakk skildrar si tilnærming til å setje saman eit festivalprogram slik:

 

– Det er jo alltid mest spanande med totaliteten, ikkje sant. Me programmerar breitt – for barn, unge, familiar og vaksne. Ikkje alle likar kokosen i Twistposen – eg likar han best, men nokon avskyr han, ikkje sant. Eg likar å samanlikne programmet med eit kunstverk, ein mosaikk, kor ein kan sjå eit heilskapleg bilete, og kor det finst kvalitet i kvart ledd.

 

Ein godtepose altså, kor ein kvar kan finne noko for sin smak, men ikkje alt skal appellere til alle. Eit friskt pust, i ein kvardag der det ser ut som at alt kring oss blir meir og meir homogent i frykt for å støyte frå seg ein einaste publikummar.

 

Likevel er det eitt publikumssegment Jazzfest slit med å nå ut til:

 

– Me slit med å få kontakt med dei unge vaksne, studentane – som det er mange tusen av. Alle musikkstudentane veit om oss, men me må jobbe for å få tak i studentane, vidaregåandeelevane og delvis folkehøgskulane. Utfordringa er at Trondheim er ein heilt vilt bra konsertby. Eg skjønar at folk blir metta på inntrykk, og me konkurrerer jo om dei same lommebøkene. Folk har ikkje uavgrensa midlar, og slik er det.

 

Å marknadsføre ein slik festival er heller ikkje lett, kan Sandbakk fortelje. Det er eit endelaust slit med spørsmål om korleis, kor, kor mykje av det eine eller det andre i sosiale media – men Sandbakk sjølv har mest tiltru til dei gamaldagse, fysiske media, inkludert plakatar og flyerar.

 

– Det kjem til å ta lang til før festivalavisa og annonseplassen i Adresseavisa forsvinn. Men den aller beste marknadsføringa vi har er jazzfestven-ordninga vår – slik kjem me rett inn i innboksen til kulturinteresserte, fortel han.

 

Om ein samanliknar Jazzfest med eit knippe andre jazzfestivalar, er programmet deira merkverdig reinska for artistar utafor jazzsfæren. Både Moldejazz og Kongsberg jazzfestival har kvart år store, publikumsvenlege bookingar som fell langt unna jazzsjangeren – til dømes står Julie Bergan, Hellbillies og CC Cowboys på årets program for dei nemnde festivalane. Kvaliteten og appellen til artistane er det ingenting å seie på, men å kalle dei ein naturleg del av ein jazzfestival blir litt søkt. I følge Sandbakk er dette noko dei gjer fullt medvite for å tilfredsstille forventningar frå næringslivet.

 

– Me held jazzstilen ganske rein, i den forstand at me unngår å programmere artistar som ville ha falt meir naturleg inn under andre festivalar. Me søkjer om støtte til å halde jazzfestival, ikkje til å lage folkefest. Ære være dei som gjer det, men eg fer ikkje til Molde for å kjøpe turist-effektar eller elgburger i Storgata.

 

Kva gjer årets program verdt å ta turen?

 

– Jazzfest er kjend for det nære samarbeidet med NTNU, der ein unik samarbeidsavtale ligg til grunn for gode prosjekt med tidlegare studentar. I så måte må tinginga med Sondre Ferstad, Martin Myhre Olsen med NTNU Jazzensemble og student- og folkehøgskolebanda særleg nemnast. Mikkel Eriksen (Stargate) har sagt at Trondheim kanskje har verdas mest spanande jazzmiljø.

 

Jazzfest sel korkje dagspass eller festivalpass, så du må faktisk ta eigne avgjersler når det kjem til kva du skal få med deg og ikkje. Dra deg inn på nettsida, og les deg litt opp på nokre av konsertane, høyr på eit par av dei på din føretrekte strøymeteneste, og så dreg du deg på konsert. Likar du pop? Kva med pop+gitar+jazz? Stikk på Jazzfest på HAVET, dans til Øyunn og Next.Ape, og skryt på deg litt ekstra kulturell kapital neste gong du pratar med dei du sit på lesesal med. Vil du høyre nokre av dei største bautaene i norsk jazz? Kvifor ikkje fare på Karin Krog og Bjørn Alterhaug Quartet, og sjå dei menneska som har forma den norske jazzmusikken sida sekstitalet. Vil du ha noko heilt anna og uføreseieleg? Det pan-skandinaviske prosjektet Hur låter konsten? kjem til Trondheim Kunstmuseum, der ein bukett av dei beste improvisatorane denne ihjelfrosne halvøya har å by på tolkar bileta på veggen gjennom hornet, og du kan danse gjennom ei multimodal sanseoppleving ulikt noko anna.

 

Poenget er at Jazzfest har ein heil haug med fantastiske konsertar, og du skal vere innmari sjeleleg kastrert om det ikkje er noko på dette fullspekka festivalprogrammet som fengjer deg. Rimelege konsertbillettar er det og. Eg gler meg i alle fall.

bottom of page