top of page

Thomas Dybdahl leverte i Nidarosdomen under ISFiT, og viste at sjølv etter over tjue år er han verd å høyre på.

AV Anders Kruse // FOTO: Anders Kruse

15.02.2023

ISFiT - Thomas Dybdahl i Nidarosdomen

Eg var spent på kva eg kunne forvente av Thomas Dybdahl i Nidarosdomen under årets ISFiT. Sidan plata Fever kom i 2020 har han vist seg som ein musikar med meir enn den countryinspirerte gitarpopen han brukte dei første par tiåra av karrieren sin på. Brått lanserte han ein vintage, tweedy, soulinspirert mann-i-brun-kordfløyel-med-grøn-knappeskjorte-sound.

 

Det vart ei god blanding av begge. Konserten byrja med Dybdahl aleine på scena, midt i det enorme kyrkjerommet. Dybdahl har ein djup melankoli i musikken som skin så intenst gjennom i dette nedstrippa lydlandskapet. Det er ei heilt magisk kjensle å sitje i eit slikt rom og berre høyre lyden spreie seg. Kring øyrene mine badar stemma hans seg i den beste romklangen i landet.

 

Ikkje noko er vel så bra at ikkje eit kyrkjeorgel kan gjere det betre. Når Vegard Bjerkan svingar i gong det enorme Steinmeyer-orgelet og omkransar “Moving Pictures”, som er ei av dei meir hymneliknande låtene til Dybdahl, er stemninga heilt utruleg. I ein sånn setting kjenner ein orgelbassen like mykje i kroppen, som reint trykk, som musikalske tonar. Kring tekstlinjer om evig kjærleik og å drøyme seg vekk frå alt verdsleg vert låta omtrent ein hyllest til det heilage, guddommelege med kjærleiken.

 

Og apropos Bjerkan – kva for eit band Dybdahl har med! Gard Nilssen (Supersonic Orchestra, Acoustic Unity m.m.) på trommer, Ole Morten Vågan (Trondheim Jazzorkester, Terje Rypdal m.m.) på bass, Lars Horntveth (Jaga Jazzist) på pedal steel, klarinett og synth, i tillegg til Bjerkan på piano, synth og orgel – dette må på alvor vere eit av dei beste backingbanda i landet. Dei absolutt beste augneblinkane på konserten var når bandet berre slapp seg heilt laus i lange improvisasjonar som så flyt saumlaust saman med tekstlinene til Dybdahl. Saman skapte dei eit enormt spenn i musikken. Stundom hadde eg mest lyst til å vandre langs brusteinslagte gater i stillheit, heilt aleine med tankane mine. Andre gonger fekk eg lyst til å kyle både penn og papir over hovuda på mine medpublikummarar fordi eg veit ord ikkje kan skildre kor intenst bra det var. Andletet mitt gjekk fram og tilbake mellom himmelrop og fastgrodd stankface. Allereie etter femte låt kjente eg på suget etter eit ekstranummer.

 

Dette er ei ekte konsertoppleving, noko heilt unikt, ei intens fysisk kjensle av musikk. Nidarosdomen er eit vanskeleg rom å spele bandbasert musikk i, men her klarte alle musikarane på scena å skreddarsy spelinga si til det gedigne rommet. Måten spesielt Bjerkan og Horntveth smyg inn små melodiar og fills mellom linene var noko av det beste eg har høyrd på lenge.

 

Før eg blir heilt ekstatisk: dette var ikkje nokon perfekt konsert. Når ein byrjar å snuse på halvannan time med konsert byrjar ein å merke at stort sett er tekstane til Thomas Dybdahl lite meir enn heilt ok. Det går mykje i kjærleik her. Stort sett berre kjærleik, eigentleg, og sjølv om det er interessant å høyre perspektiv på kjærleiken forklart frå kvar sin ende av eit vakse liv vert det veldig monotont på tjuande låta. Etter kvart vert det klart at bandet i stor grad ber konserten. 

 

Det er også synd å seie det, men Silje Salomonsen la veldig lite til opplevinga. På låtar som “You’ll Dance For Me, New York”, når ho syng ilag med Dybdahl, kan det funke; men spesielt på “Henry”, ei låt Dybdahl skreiv til seg sjølv og gav til henne som ein slags tidskapsel, vert den hese, kviskrande stemma berre grautete og nesten karikaturliknande. Duetten “Babe”, kor dei to syng akkompagnert kun av orgelet, er ei rar blanding av sukkersøtt og skikkeleg kleint – bra er det ikkje, i alle fall.

 

Ekstranummeret, ein eldfull versjon av “This Love is Here to Stay” gjort på fantastisk Curtis Mayfield-vis, sette eit nydeleg punktum for konserten. Hammondorgel, amen breaks og funky gitarriff som dansa om kvarandre kring den eigentleg ganske spake stemma til Dybdahl gav meg lyst til å flekke fram ein oransje fløyelsdress og rosa pilotbriller og danse meg inn i natta.

 

Dette var ein strålande konsert som kunne ha vore perfekt med litt redigering. Ein og ein halv time blir for langtekkeleg, men toppane inne i det tidsrommet var så mange og så høge at dei gjorde resten meir enn verd det. Eg fekk det eg aller mest vil ha frå ein konsert, nemleg noko musikalsk ein ikkje finn nokon annan stad. Eg fekk kjenne Thomas Dybdahl sin musikk på kroppen midt i det beste konsertlokalet i Noreg, og meir enn det skal eg ikkje be om.

bottom of page