top of page

HOOK på Jazzfest – Eastwood Symphonic og ringrev med gitar

AV: Anders Kruse
FOTO: Arne Haugen

10.05.2024

Jazzfest er bokstaveleg talt i full swing, og malar byen raud med konsertplakatar, flagg og strålande musikk. Me har teke turen på to konsertar så langt, med fleire i vente.

 

Storstilt, men underveldane festivalopning

 

Eg er i utgangspunktet ganske skeptisk til filmmusikkonsertar, utan at eg heilt klarar å setje fingeren på kvifor. Blir det å spele John Williams sine Greatest Hits ei for «enkel» løysing på spørsmålet om korleis ein skal få folk til å faktisk fare på konsert, i staden for å berre tenkje at det er fint med eit symfoniorkester i byen? Faktum er jo at orkestera må ha fleire folk inn i konsertsalane, og løysinga på det er i alle fall ikkje å appellere enda meir til *kremt* samtidsmusikksnobbar som meg, til fordel for meir eller mindre alle andre.

 

Uansett er ikkje den streite filmmusikkonserten eit format som tiltalar meg i nokon stor grad – kulturelite som eg er. Men det finst måtar å gjennomføre slike konsertar som sjølv slike som meg kan finne på å like. Og Kyle Eastwood sin jazzsymfoniske hyllest til faren Clint, «Eastwood Symphonic», er absolutt ein spanande måte å gjere ein slik konsert på. Kyle – eg tillèt meg å omtale dei med fornamn – har løfta fram noko av musikken frå dei mest legendariske filmane til faren, og kledd dei opp i nye drakter.

 

Og stort sett er dette god musikk. Kyle er bassist, og i tillegg til Trondheim Symfoniorkester har han med seg sin eigen kvintett beståande av Andrew McCormack på piano, Chris Higginbottom på trommer, Quentin Collins på trompet og flygelhorn, og Brandon Allen på saksofonar. Dette er ein slåande god kvintett. Under «Dirty Harry» serverer Collins og Allen eit improvisasjonsvokabular som er perfekt tilpassa den funky stilen. Lenger ut i konserten får orkesteret ein pause når kvintetten bryt ut i Charlie Parker sin legendariske «Ornithology», henta frå filmbiografien «Bird», og her får alle saman sleppe seg ordentleg laus. Dritfet, straight jazz. Elskar det.

 

Eg skal likevel innrømme at «Eastwood Symphonic» ikkje fengsla meg fullstendig. Delar av konserten, som musikken frå «The Bridges of Madison County» og «Claudia’s Theme» frå «Unforgiven», er til tider direkte slåande. Musikken veks og krympar stadig, og svulmande strykeakkordar glir over i langstrakte pianosoloar. Men andre gongar er orkesterarrangementa nokså underveldande. Spesielt i funky delar som «Dirty Harry» og «A Fistful of Dollars» ber musikken preg av ei orkesterskriving som minner meir om storband omset med varierande suksess til symfoniorkesterformatet enn dedikert orkesterarrangering. Ofte ligg orkesteret og kvintetten på forskjellige sider av pulsen, der bandet ligg bakpå beaten, og orkesteret endar opp litt frampå. Resultatet er at dei rytmiske delane av arrangementa ikkje er tighte nok.

 

I tillegg var lyden, i alle fall der eg sat like ved lydteknikarane, direkte undermåls. Orkesteret klang boksete, bassen uklår og trompeten til Quentin Hollis rett og slett skjerande. Konserten varar i litt over halvannan time, og når dei siste tonane frå ekstranummeret har døydd ut er eg ordentleg sliten i øyrene.

 

Til tross for at eg ikkje klarte å tape meg sjølv i musikken, syns eg «Eastwood Symphonic» er ein suksess. God musikk, absolutt, men ikkje eksepsjonell. Kjennskapen min til Clint sine filmar er passe avgrensa, men eg kjenner at dette gir meg lyst til å fare heim og sjå fleire av dei, noko ein må rekne som eitt av måla til dette prosjektet.

 

Reiersrud: Er det ein lege i salen?

 

Ein og annan gong i ein kritikar sitt liv kjem ein over opplevingar som går bortanom orda hen har brukt så mykje tid og krefter på å slipe til eit skriftleg våpen. Det er ei underleg kjensle – eg har vorte så vand med å tenkje analytisk når eg sit i konsertsalen, at det er vanskeleg å slå av, sjølv når er der i sivil. Men brått fell orda ut av hovudet, og alt som er att er musikken.

 

Slik hadde eg det under Knut Reiersrud på Byscenen ein torsdagskveld, og eg slit med å skildre konserten på anna vis enn at eg skulle ynskje eg framleis var der. Knut Reiersrud, kor vart det av dei to timane mine? Eg vil ikkje ha dei att, eg vil berre vite korleis du gjorde det du gjorde med dei. Somme gongar er den største eufori å slå av kritikarhjernen og rett og slett nyte musikken.

 

Når denne musikken er på sitt mest intense, gjer det nesten fysisk vondt å måtte sitte stille på stolen. Eg vil opp, eg vil danse, rope, le – eg kjenner dragsuget inn i musikken si verd, og vil berre vere der så lengje eg får lov. Reiersrud har ein heilt unik virtuositet, ei uanstrengd evne til å plassere alle notar akkurat der dei skal vere til ei kvar tid på eit slikt vis at det ikkje kunne ha skjedd noko anna akkurat då. Eg prøvar å gynge, trampe, lene meg tilbake, men ingenting hjelper – energien flaumar gjennom meg, og eg har ikkje nokon stad å sende han.

 

Mellom andre og tredje låt, etter å ha blottlagt hjartet mitt på golvet på Byscenen, spør Reiersrud nøkternt om der er ein lege i salen, og når éin rekk opp handa, spør han om konserten er bra så langt. Men her trengs ingen lege, her trengs berre ein musikken sin prest, og han står allereie på scenen i raud alpelue med ein gitar om halsen.

 

Og bandet! For eit band! På scenen står legendariske sidemenn – Nikolai Hængsle på bass, David Wallumrød på tangentar, Andreas Bye på trommar, og mest av alt, Ola Erlien på gitar. Alle saman har den same evna som Reiersrud til å få musikken til å kjennes heilt uunngåeleg, som om han alltid har vore akkurat slik, men samtidig spontan og levande. Eg skjønar ikkje korleis Erlien gjer det han gjer. Var det slik folk tenkte fyrste gongen dei høyrde Frank Gambale sin sweeppicking? Fyrste gong dei høyrde Eddie Van Halen sin tapping?

 

Eg er av den oppfatning at alle gitaristar som høyrer Ola Erlien spele, lyt gå i seg sjølv og reflektere over kvifor dei ikkje er Ola Erlien. Alle – unntatt Knut Reiersrud. Den vinen Reiersrud spelar, får andre konsertar til å smake som sur eddik. Eg kjenner det i magen, får klump i halsen, kjenner skuldrane mine feste seg i ein magnetisk pol sentrert der framme på scenen.

bottom of page