HOOK-redaksjonen gir deg det beste og flotteste av stor og liten musikk som har kommet ut i det siste.
AV HOOK-redaksjonen
Aselestine - Yo La Tengo
Mmmm, drøm deg bort til varme og sommer med denne vakre låta fra det nye albumet til 90-talls-heltene Yo La Tengo.
Swampy - Dry Cleaning
Sumpete og skitten låt fra vårt nye favoritt-indieband. Litt som en mørkere Wet Leg. Gleder oss til album…
Inst inni meg - Andreas Utnem, Tuva Syvertsen
Eg vil hevde at Tuva Syvertsen er den beste musikaren i Noreg. Ho er eigentleg berre ein feature på denne låta, frå Andreas Utnem si nye plate Du Kjenner Meg, men hallo. Den usakleg vare stemmen hennar smeltar seg saman med det nedstemte klaveret til Utnem og dryp over sjela mi som honning. Heile plata er fylt av folkemusikk som varmar hjartet, men denne låta er noko heilt i særklasse.
Thankful - Rick Grove
Lugn og fin ny låt fra artisten som stod for en av Trondheims Callings beste konserter. Vugg meg til søvne, Rick Grove.
Hollywood Baby - 100 Gecs
xD!!!!!Syre-Disney-2000-bonanza-pop-hyperaktiv-ADHD-type-låt for de med mye livserfaring. Eller en låt for de som har mye hjerne-bugs. Eller for deg som trenger å trippe ut noen ubehagelige følelser.
Tenebræ Responsoria, Feria Quinta: Responsorium II, Tristis et Anima Mea - Carlo Gesualdo, Les Arts Froissants
Carlo Gesualdo skreiv noko av den raraste musikken nokon gong, men her beherska han seg og skreiv noko som berre er kjempefint. Det er nydeleg, sakral renessansemusikk skrive av ein fyr som drap kona si og elskaren hennar medan dei låg i senga, framført av Les Arts Froissants.
Hiding Out In The Open - Feist
2023s beste comeback! Den kanadiske alt-pop-legenden Feist kommer endelig ut med ny musikk etter seks års stillhet. Vi gleder oss til å danse rundt en høystakk på landet med en Boombox som spiller “Hiding out in the open”, eller noe lignende.
Why’d you leave me in the red? - Jouska
Det nye albumet til Jouska er et mørkt soveromspop-mesterverk som får hjernen din til å buzze og fuzze. Mmmm, det er deilig.
The Tuning Path - Terry Riley, BL!NDMAN
BL!NDMAN er angiveleg ein saxkvartett i streng forstand, altså berre fire saksofonar, men på denne innspelinga av Terry Riley sitt stykkje “The Tuning Path” skulle ein knapt tru det. Her høyrest det mest ut som eit enormt kyrkjeorgel syng ut ein kvalsong i ambientdrakt. Det er eit sakteflytande, nesten stilleståande og høgst meditativt landskap me er i her, som ikkje høyrest ut som noko anna frå ei blåsegruppe.
Daywalkah - Mat Duo + Linni
Helt ekstremt fet UK drum and bass fra Mat Duo. Låta blir perfekt med vokalene til den legendariske bergensrapperen Linni.
HAPPY - Sløtface
På Sløtface sin nye EP AWAKE/ASLEEP så har Haley Shea fått med seg en hel horde med ulike samarbeidspartnere og gått i en annen retning enn det vi kjenner. EP-en er spennende og forfriskende og den høres mer voksen ut. Åtte låter med rocke-pop-punkete lydbilde som får oss til å smile. Spesielt låta “HAPPY” blir nok en ny live-favoritt med sin hoppevennlige catchiness. Heia Sløtface, detta var tøft.
You & Me - Udi Shlomo, Erik Hegdal, Moshe Elmakias, Andreas Svabø
Ei saftig jazzlåt, varm som ein kakkelomn i ei lita hytte, eit ope kjærleiksbrev leia av Hegdal på bassklarinett. Dette er ein nydeleg ballade som vitnar om eit lovande album frå Udi Shlomo!
Selam New - Langendorf United
Langendorf United, leia av den svenske saksofonisten Lina Langendorf har til tider så god trøkk på si siste plate at eg kjenner hårfestet krype oppover i tråd med at dansefoten byrjar å røyre seg. Med element frå afrobeat, Pharoah Sanders og Mali-blues sausa saman i skandinavisk jazz er dette musikk det er vanskeleg å ikkje elske, og klin umogleg å ikkje groove med til – spesielt på opnings- og avslutningsmelodiane.
Imagine a Favorite Place - Shara Nova, The Crossing, Daniel Schwartz, Don Nally, John Walthausen
Koret The Crossing vann nyleg sin tredje Grammy, men du må ikkje tru dei ligg på latsida berre av den grunn. “Imagine a Favorite Place” er skriven av komponisten Shara Nova, og er ein nydeleg miks av tette clusterakkordar og smekre melodiar. Eg får kjensla av ei kyrkje eg faktisk kunne tenke meg å tilbringe tid i.
Somber - Whose Rules
En av de mest up-and-coming artistene i Norge i dag har sluppet albumet Hasler som er en tidlig-2000-talls-indie-pop-godbit. Hele albumet er en reise gjennom sorg og kjærlighet, og alt samtidig og alt i en stor gitar-data-kræsj. Det er melankolsk, vakkert og catchy.
Tuggemo - Ligeti Quartet, Anna Meredith
Dette er gøy musikk! Ein drakamp kor ein strykekvartett omtrent dreg seg sjølv i filler med eit manisk synthspor over. Anna Meredith er ein smed til å blande popestetikk inn i klassisk samtidsmusikk, og “Tuggemo” er ein sjangeroverskridande fest som står halvvegs mellom norsk festivalsommar og ein sverm humler.
Pressure - Eggi
Solid låt fra den nyeste EP’en til Eggi. Gode bars, gode hooks og enda bedre refreng. Eggi er på vei opp, opp og opp. Sjekk ut!
Adés: Dante, pt. 1: “Inferno”: XII: The Thieves – devoured by lizards - Thomas Adés, Los Angeles Philharmonic, Gustavo Dudamel
Likar du Nøtteknekkaren, men har vore for lenge på TikTok? Da kan du glede deg til Los Angeles Philharmonic slepp heile Thomas Adés ballett Dante, som denne låta er ein klin kokos prøvesmak på. Eit eigentleg tradisjonelt tonespråk godt over grensa til det absurde, som jublande feirar kvar einaste klisjé frå den klassiske kanon. Musikk å gå amok i slåbrok til!
Hør all musikken i HOOK-GRYTA i vår Spotify-spilleliste.