top of page

HOOK-redaksjonen gir deg det beste og flotteste av stor og liten musikk som har kommet ut i det siste. 

AV HOOK-redaksjonen

Skal vi stupe - Probleman

Trondheims-baserte Probleman er en yndling hos HOOK, og nå har de kommet ut med låta «Skal vi stupe» som er skranglete og kul. Vi digger skranglete og kule ting. Smaker litt som 1977 Ash, en dæsj soft Rivers Cuomo, en teskje Gin Blossoms og masse Replacements…Mmm. Fortsett å stupe, Probleman. D’ tøft! 

 

Je kan int fortsätt, je fortsätt - Bedroom Eyes

SVENSK COVER AV BIG THIEF?!?? Jeg tror jeg har hatt denne drømmen…Det er indie-bonanza på Bedroom Eyes sin nye EP, Pop på Jamska – som er verdt å ta en lytt til. Mange ganger. Vokst opp i Trøndelag, og synger på en spesiell, svensk dialekt, jamska fra Jämtland, som minner veldig om norsk! Kult er det hvertfall. Vi digger. 

 

Sink - Veslemøy Narvesen

Da jeg kom hjem en tur til mor og far en pinsehelg i mai for å spise litt ordentlig mat, hadde mor satt på musikk. Hun hadde satt på hennes «Release Radar». Og der kommer Trondheims egne Veslemøy Narvesen med sin første solo-låt Sink. Jeg og mamma digger! Mer mer mer!!

 

Anonym - Vepsestikk

Jentene i Vepsestikk fortsetter å stikke meg i hjartet. «Anonym» fortjener en lytt. Mange lytt.

 

Cowperson Rides Again - Emil Storløkken Åse´s Phoenix

Denne trioen slengjer litt Charles Mingus, litt Lucky Luke, litt Jimi Hendrix og mykje av seg sjølv rett i trynet ditt. Phoenix er Emil Storløkken Åse på gitar, Jenny Frøysa på barytonsax og August Glännestrand på trommer, heile gjengen alumni frå jazzlinja i Trondheim. Dette er dritfett, det er røft, utemma, kreativt, rocka, FÅ DET PÅ!

 

Morning Light - Maria Norseth Garli

Ein disig morgon over ein liten by, innerst i ein fjord. Sola stig sakte opp over ein fjelltopp. Småkald vind inn frå havet. Sakte driv skyene over himmelen, medan tida går både for fort og for sakte. Noko verkar i hjartet, men eg er ikkje sikker på kva.

 

Bend Like Straws in the Wind - Jonas Sjøvaag

Jonas Sjøvaag, til no berre trommis, men heretter også popsongar, er ute med ny plate. Den er veldig fin. “Bend Like Straws In The Wind” er dels musikalballade, ein smule jazzete, ganske fatalistisk, melankolsk, men også underleg triumferande, og veldig, veldig godt laga musikk.

 

Anywhere That is not Here - Kayhan Kalhor, Toumani Diabaté

Desse to gav meg for mange år sidan eitt av mine første møte med internasjonal, improvisert folkemusikk i ein video av ein konsert frå Osnabrück i Tyskland, og sidan har eg vore fengsla av kommunikasjonen deira og det intrikate samspelet. Kalhor har eit utruleg vokalt spel på kamanchehen – eit persisk strykeinstrument – han er vanvitig uttrykksfull. Diabaté er ikkje noko verre, fingerferdig og lynrask på koraen – vakker, unik, flytande musikk!

 

I Could Even Try To Change Your Mind – Røsten

Ein fyr som er utdanna jazzpianist frå jazzlinja, no ute med singer-songwriter-plate? Ja, det går sjølvklart an. Leon Røsten har laga ei nydeleg plate med følsom, 70-talsinspirert, britiskinformert pop – er dette the song of the summer?

 

When Winter Comes Around - The Lemon Twigs

Høyr på denne låta og vent på droppet. Det er verd det.

 

Zeptember - Tuva Halse Quintet 

Tuva Halse må vere ein av dei mest “i vinden” jazzmusikarane i landet for tida. Ho er ute med ny musikk i to ulike ensemble på denne lista, og “Zeptember” er ei var og varm låt, full av smektande felelicks og Øyvind Leite sitt verdas beste trommespel.

 

nemesis - tuvahalseband ft. Sara Fjeldvær 

Alt som gjeld for “Zeptember” gjeld like mykje for “nemesis”, som i tillegg har vidunderet Sara Fjeldvær på vokal! Kom igjen, dette er noko av det beste du har høyrd på lengje, du berre veit det ikkje enda.

 

Volda Anthem - louilexus, Åse

Full Lengde Deluxe, debutalbumet til louilexus er ute…og vi klarer ikke stå stille. Ka som skjer??? Vil danse. Hardt. I ei bule i Volda. Hvis de har det der. 

Hele greia er catchy, smart, hot, og sabla flott. Kom til Trondheim a plis…

In Need of a Ballad - audun

Enda eit av stjerneskota frå Fjordgata Records - Audun Rørmark er ute med ei gnistrande jazzfusionpopballade. For nokre vokalharmonier, for ei stemning – korleis kan ein ikkje bli forelska i denne låta. Her har audun vendt eit meir sensitivt kinn mot verda, og eg gler meg noko sjukt til å høyre ep-en!!!

 

Hør all musikken i HOOK-GRYTA i vår Spotify spilleliste!

bottom of page