Folkeopplysninga: Susanne Lundeng og Anne Hytta
I dag tar Folkeopplysninga for seg to ferske plater, med eld frå nord og is frå sør.
AV Anders Kruse
07.03.2023
Mangt og mykje røyrer seg i den folkemusikalske ursuppa. Ein ny vår synast å vere komen over det eldgamle repertoaret, og nokre av dei beste utøvarane i landet samlast for å skape ny musikk basert på den lange tradisjonen. To av dei er Susanne Lundeng og Anne Hytta, to felespelarar frå kvar sin kant av landet som har gjeve ut kvar si plate – som er temaet for Folkeopplysninga denne månaden.
Eldfullt under midnattssol
Susanne Lundeng har ei høne å plukke med dei som har skrive historia til norsk folkemusikk. Det ein ofte tenkjer på som “lyden” av norsk folkemusikk er stort sett basert på tradisjonar frå inn- og vestland, som andre tradisjonar har måtta blø mykje for. Lundeng er frå Bodø, og har brukt store deler av livet på å fordjupe seg i og vise fram den nordnorske musikkarva. Ho har gjeve ut fleire plater med denne musikken, og mellom anna tok ho imot Spellemannsprisen i folkemusikk i 2016 for albumet 111 Nordlandsslåtter, hilsen Susanne Lundeng, ein solid finger til dei som måtte tru at den ekte folkemusikken berre finst sør for Dovre.
No er ho ute med albumet Følge, kor ho har med seg jazztungvektarane Nils-Olav Johansen (Farmer’s Market, Transjoik) på gitar og Erik Nylander (Steamdome) på trommer. Dette gjev heile plata eit nedstrippa, perkussivt preg. Alle låtane går i ei fyrig tretakt, noko som vert kategorisert i Lundeng sin artistbiografi på Spotify som “den nordnorske urrytma”. Det kan ikkje anmeldaren stadfeste, men musikken groovar i alle fall som et helvete. Trioen heng saman som same organisme.
Plata byrjar med nokre av dei svakare spora. Dei tre fyste er litt keisame, og “Vårens vemodige to og to” vert litt i overkant sentimental. Aller best er plata på låtar som “Kov” – i mi meining den beste låta på Følge – som er prega av lange, improvisatoriske strekk som vert på grensa til det transeliknande. Når ho verkeleg slepp seg laus er Lundeng heilt strålande – det er ei intensitet i spelet hennar ein sjeldan finn i folkemusikken. På “Ugjenkjennelig” minner klangen av fela stundom meir om tradisjonell sigøynarmusikk enn dei klåre klangane me er vande med frå meir sørlege, hardingfelske strøk. Og Nylander og Johansen er ikkje dårlegare dei heller, sjølv om det heile tida er Lundeng som stakar ut kursen. Takta og grooven er så solid heile vegen at det får deg til å late att augo og gløyme vekk både rom og tid.
Det er veldig freistande å dra fram gamle flosklar om nordlandsk lynne, og lesse på med metaforar om havvind og ramsalte bogestrøk, men dette er musikk som er så gjennomsyra stolt av kor den kjem i frå at det nesten blir for dumt å ikkje gjere det. Dette er musikk som luktar av tjære og reip, av hav, av midnattssol og svarte netter, men også av ein botnlaus melankoli som er like intens til stade i musikken som noko anna. Det er som om Lundeng legg fram eit bilete av ein blind, introvert dansar som står aleine midt på golvet i eit kokande lokale, fullstendig utan sans for verda kring seg. Tittelen på plata refererer til alt kvar ein av oss har bak oss, som følgjer etter oss, og det er tydeleg at her har Lundeng med seg ikkje berre musikken, men historia til ein heil landsdel i følget.
Folkemusikken sin ytste konsekvens
Anne Hytta si Brigde er av ein heilt annan karakter. Hytta er frå Sauland i Telemark, midt i smørauget for den tradisjonen Lundeng skil seg frå, og på denne plata har ho gjort debut som orkesterkomponist. I tillegg til ein særs aktiv solokarriere har Hytta vore aktiv i fleire ensemble som har strekt sjangeromgrepet norsk folkemusikk omtrent så langt som mogleg –med stor suksess. Mellom anna vann trioen hennar Slagr Spellemannsprisen i Åpen Klasse i 2015 for albumet Short Stories. I tillegg speler ho i gruppa Dei Kjenslevare, som kom med ei av fjorårets beste avant garde-plater, Kjenslevarulv, og albumet Strypetak frå 2021, som ho laga saman med Parallax. Altså er dette ei dame som ofte vrir og vendar på den gamle tradisjonen for å verkeleg sjå kva for ein ny musikk som ligg der inne.
Og i likskap med mange av dei andre prosjekta hennar synest Brigde, som betyr å endre farger, å vere ei utforsking av eit parallelt univers kor folkemusikken er basis for all musikk som vert laga. Musikken på albumet er ikkje i fyste rekkje gamal – det er ikkje tilpassing av gamle låtar for å kle opp eit orkester i bunad. Hytta har skrive ny musikk, kor folkemusikken sin klangleik og indre logikk ligg i botn framfor den klassiske kunstmusikken.
Resultatet er musikk fylt av opne, slette lydlandskap. Sjølv om det berre er ei enkelt hardingfele til stades blir det aldri gjeve noko inntrykk av at ho står utanfor orkesteret. Ho er ein uunnverleg del av musikken heile tida, og den krystallklåre, resonante klangen står fram meir som ei rettesnor for resten av musikarane enn ein solist. Telemark Kammerorkester speler stort sett vakkert og kompetent, sjølv om det er litt som om dei mister grepet om intonasjonen nokre gonger. Det er ikkje ofte ein høyrer klassisk skolerte musikarar sidestilt med ein enkelt folkemusikar på denne måten, og kontrasten i klang og spelestil gjev ein heilt eigen farge til Brigde.
Folkemusikken er på mange måtar uroleg musikk, spesielt i hardingfeletradisjonen. Det er ein enorm mengde variasjonar og detaljar som suser forbi i ei enorm fart, slik at det vert vanskeleg å få ordentleg handlag med dei. Her har Hytta senka hastigheita på impulsane, og lar dei små augneblinkane blomstre. Dette er spesielt tydeleg på “Som solrøyk”, kor tida omtrent stanser opp, og skimrande akkordar flyt fram frå strykarane og vibrafonen medan hardingfela og ein solocello spinn fram garn av skyer over eit snølagt landskap.
Om eg har ein ordentleg klage skulle eg ynskje det var meir musikk her. Plata er ein snau halvtime lang, og det er fleire av idéane her som absolutt kunne vorte utforska meir. Men det som er her er så innmari bra, og Anne Hytta er utan tvil ein av dei musikarane som kjem med mest nytt i folkemusikken. Brigde er ei nydeleg skive, og ein sterk komponistdebut.
Det er tydeleg at me har mykje godt i vente frå Hytta.
Eg har sagt det før og vil seie det til eg døyr, det er i folkemusikken det skjer, folkens! Vakn opp!